Publisert den 18. februar 2008
Har de lyst til å danse med barn frå heile Norden? 2. -6. juli 2008 er det klart for Barnlek 2008 i Porsgrunn. Dette er eit nordisk folkedansstemne for barn frå 8-16 år, og det kjem om lag 2 500. Dette blir sommarens store nordiske kulturarrangement! Både leikarringar som er tilslutta Noregs Ungdomslag og andre barnedansegrupper er velkomne til å vere med. Påmeldingfristen er 7. mars.
NORSKE FOLKEEVENTYR er valt som tema for BARNLEK 2008. Av desse blir vi spesielt kjent med eventyret ”Askeladden og dei gode hjelparane”. Les vedlagte samandrag av dette eventyret om de ikkje hugsar historia. Både Askeladden, gode hjelparar, kongar og prinsesser vil syne seg på ulike stadar under heile stemnet. Meld dykk på utflukt til Brekkeparken, der blir det mange eventyrfigurar og mykje eventyrmoro!
DANS
Kvar kveld blir det dans i to hallar på stemneområdet. Torsdag og fredag vil det vere nasjonale dansar med instruksjon av instruktørar frå dei ulike landa. Det blir i tillegg sett av eigne rom på skolane som kan brukast til dans og andre kveldsaktivitetar. Organisering av dette er gruppenes eige ansvar.
OPNINGS – OG AVSLUTNINGSSEREMONI
Både opnings – og avslutningsseremoni vil finne stad innomhus i ein av stemnehallane. Her blir det underhaldning med lokale grupper.
STEMNETOG
Laurdag etter lunsj skal alle stemnedeltakarane syne seg fram i Porsgrunn sentrum gjennom det som er kalla ”myldring”. Her blir det framsyningar på ulike stader i byen. Dei som ikkje dansar framsyning er med å set farge på byen. Alle som har bunad/folkedrakt bruker desse denne dagen. Etterpå samlast alle til eit tradisjonelt stemnetog gjennom Porsgrunn sentrum til Stemneområdet.
HOVUDSTEMNE
Stemnetoget går fram til Kjølnes Stadion, der det blir stort hovudstemne laurdag ettermiddag/kveld. Alle land har ei framsyning kvar på ca. 10 min. inkl. inn – og utdansing.